Gimle Planteskule

Om oss:

Gimle Planteskule ligg 4 km frå Norheimsund i midtre Hardanger. Norheimsund ligg 80 km sør for Bergen, ca. 1 time og 15 min. køyretid med bil.

Klimaet er «fjordklima» med mykje nedbør og «normalt» ned til ca. – 14º C om vinteren.

Planteskulen har allsidig produksjon med eit stort utval av sortar, men har størst produksjon av surjordsplanter (Rhododendron, Pieris m.m.). Mykje av produksjonen er frå eigne småplanter, men og frå innkjøpte småplanter. Produksjon av nye planteartar/sortar som høver i kyst- og fjordklima er høgt prioritert.
Nærleiken til Arboretet på Milde er i denne samanheng eit «godt naboskap».

Planteskulen har 4 fast tilsette.

Gimle Hagesenter:
Gimle har og eige hagesenter i sesongen, som opnar i april og held ope til oktober.

 

Kontaktinformasjon:

Adresse:
Vikøyvegen 340, 5600 Norheimsund
E-mail:
gimle@vestplant.no
Tlf kontor:
56 55 04 80
Mobil:
99 22 02 75